Når dei minste barna fer over papira med ein tilfeldig vald blyant eller pen, er det spontant og raskt utført. Handlinga er ei blanding av fasinasjon over spora dei lagar og rørsla dei har i handa og kroppen. Etterkvart ser vi at spora endrar seg, får ei form, blir samla og samansette. Barna kommuniserer meir medvitne. Formene inviterer til tolking.

dm2_3år_ 75dpi_liten

Barneteikningar er ulike, nokre er svært deltaljerte, andre er enkle med få strekar, nokre har fargar andre berre blyantstrekar, nokre har avtrykk av ei hand eller ein finger, andre frie krusedullar tett i tett osv. Kvifor teiknar barn? Kva vil dei fortelje? Har dei noko å fortelje?

Dorthe Ma_2008_2_75_liten dm_4år_75dpi_liten

Desse teikningane er teikna av det same barnet frå det er 2 til 5 år. Vi ser at det er ei stor endring frå frie krusedullar til detaljerte og medvitne former og frå konturstrek til flater.

[RVK]

Advertisements