Den store ”guruen” på feltet har lenge vore Victor Lowenfeld som i 1947 gav ut boka ”Creative and Mental Growth” ilag med W. Lambert Brittain har eit utviklingspedagogisk syn på teikneutviklinga. Dei meiner at barn har medfødd evne til å uttrykke seg i bilete og får barnet skape fritt, vil det føre til vekst på fleire plan både kjenslemessig, intellektuelt, fysisk, sosialt, estetisk og skapande. Det at barn byrjar å teikne ser Lowenfeldt på som ein naturleg konsekvens av barnet si totale fysiske og psykiske utvikling.
Miljøet kan hemme eller fremme denne utviklinga. Dersom barnet blir miljømessig stimulert gjennom rike og varierte sansopplevingar vil det gå gjennom ei naturleg teikneutvikling i stadier/nivå som hovudsakleg er biologisk bestemte. Kjenner ein normalutviklinga, kan ein i ei teikning spore eventuelle avvik eller ei forseinka utvikling hjå barnet. Stadiene glir over i kvarandre og representerer eit gjennomsnitt i ei ”normal teikneutvikling”. Han namngjev stadiane som: rablestadiet (2 – 4 år), førskjemastadiet (4 – 7 år), skjemastadiet (7 – 9 år), gryande realisme (9 – 12 år) og det pseudo-naturalistiske stadiet (12 – 15 år).
Han hevdar at det skjer ein modningsprosess hjå barnet, der teiknutviklinga går meir og meir mot ei røyndomstru framstilling.

sirklar_72 regine_72 neger_75

Bileta viser døme frå rablestadiet, førskjemastadiet og gryande realisme.

Lowenfeld sitt syn har prega norsk lærarutdanning i årtider. Kva er grunnen? Kan det vere hans bruk av omgrep for å forklare det ein ser i teikningane? Han anvender ord som ”hodefoting”, egosentrisk plassering, overdriving, røntgen, utbretting, nedfelling osv. for å forklare. Dette er presise omgrep som samsvarer med teikningane og som er lette å hugse.

[RVK]

Advertisements