Rhoda Kellog si forskning frå 1970 er kanskje mindre kjend. Ho har fokus på små barn og har samla funna sine i ”Analyzing Children`s Art”. Ho skildrar ei liniær ordna teikneutvikling i sekvensar, medfødt og med ein bestemt progresjon som er ganske uavhengig av påverknad frå den visuelle verda.  Teikneutvikligna foregår i ein ordna progresjon. Visse strekar, punkt, plasseringsmønster og former i ulike kombinasjonar finn ein igjen hjå alle barn. Ho har samla og viser eit utval av desse formene.

rableformer_72_liten

frå ”Barns bildeskaping” 1995 V. H. Gullberg

Rableformene kallast ”antydede diagram”. Dei grunnleggande rableformene blir kombinerte på ulike måtar til meir samansette former, plasseringsmønster og diagram. Når desse diagramma går saman til nye former, kallast dei ”aggregat” = samanhoping. Kellog meiner at barn har grunnleggande trang til å skape balanse og orden i teikningane sine, difor held dei orden på aggregata.
Barn har ei universell lyst til å oppfatte form og til å skape form. Gjennom stadige øvingar oppdagar det formene som er ”gøymd” i rablet og på den måten styrer barn si eiga grafiske utvikling.
Ulikt Lowenfeld meiner Kellog at barnet ikkje legg noko meining i rableformene sine. Rablet er spontan skaping av abstrakte, estetiske komposisjonar og ikkje basert på observasjonar av objekt i omverda. Symbolisering og søking etter likhet er framandt for barnet, men fordi vaksne stadig stiller spørsnål om kva rablet skal forestille, resulterer det i at barnet blir medviten på at rablet skal forestille noko.

[RVK]

Advertisements