Claire Golomb har i ”The Child`s Creation of a Pictorial World” frå 1992 ein utviklingspsykologisk forklaringsmåte. Ho byggjer på Rudolf Arnheim som ser på teikning som eit unikt symbolområde med eigen grafisk logikk og barn si biletskaping som ein kreativ søken etter meining.
Golomb brukar ordet ”stadium” for å beskrive regelmessige forandringar om karakteriserer alle barn sine teikningar, men ho deler ikkje utviklinga inn i bestemte stadier. Barn si biletskaping på tidlege stadier er ein sjølvstyrt problemløysande aktivitet, driven fram av kjensler, aktiv eksperimentering med mediet og dei objekt dei ønskjer å framstille.
Sirkelen, når barnet byrjar å teikne sirklar har det gått over ifrå rein rørsle til representerande teikning. Sirkelen utløyser eit universelt grafisk språk.

sirklar_72 Dorthe Ma_2008_3_75_liten

Det skjer ei utvikling som går frå det enkle til det meir samansette, spesielle og detaljerte.

Golomb meiner at å gje barna konkrete teikneoppgåver der dei skal teikne spesielle ting, lokkar fram nye teiknestrategiar. Fotballkampar eller uteleik; barn finn opp kraftfulle og informative system. Først er dei opptekne av horisontale og vertikale retningar og seinare kjem skrånande, diagonale liner.
Golomb viser at det er stor variasjon i grafisk dyktighet innan ei aldersgruppe. Difor meiner ho at ein må vere varsam med å bruke alder som målestokk for kva barnet bør oppnå av grafiske ferdigheiter

[RVK]

Advertisements