Amerikanske prof. Bernt og Majory Wilson – har gjort undersøkingar som sår tvil om barns ”universelle og naturgitte tegneutvikling”. Dei meiner at barn gjer seg bruk både av imitasjon og kopiering. Barneteikninga er verken spontan eller kreativ. Teikninga blir det foreldre, lærarar og teoretikarar gjer den til. Læraren har både makt og kontroll som vil påverke barnet. Barn utviklar ulike teikneprogram/skjema som dei ma. hentar ifrå eldre barn og som dei anvender når dei teiknar. Dei lærer kvarandre ikkje berre kva dei skal teikne, men også korleis det skal gjerast. Dei lagar sitt skjema etter imitasjonar.

dm2_5år_75_liten invitasjon6år_75

Barnet har lært å teikne stjerner og hjarte

Biletkulturen står ikkje stille, heller ikkje barn sine bilete. Motivval og framstillingsmåte endrar seg stadig. I ungdomsteikningar ser ein at det er andre normer enn dei lærarar og foreldre har, verkar inn. Wilson meiner at det er i desse ungdomsteikningane ein kan finne ut sanne/ekte ting om barneteikninga, fordi desse vil vere mindre påverka av foreldre og lærarar.

img026_mette_72_liten

Teikning etter ei filmoppleving

Wilson var på Høgskolen i Oslo i 2008: http://www.kunstogdesign.no/form405/barnetegning.html

[RVK]

Advertisements