Gibson meiner at teikneaktiviteten i starten er ein motorisk aktivitet, ei fundamental grunnleggande handling som born set i gang når dei har eit eigna reiskap i hendene. Gradvis merkar barnet at nokre grunntrekk ved rørslene blir til spesifikke grafiske former. Desse oppdagingane fører til ei utforsking og utprøving av stadig nye måtar å bruke reiskapen på for å avsette spor.

Barnet vil gradvis oppdage at rette liner er forskjellig frå bua, at liner kan starte, slutte eller skifte retning brått, at dei kan binde saman punkt på arket, kome attende til utgangspunktet og dermed danne ei slutta form, krysse kvarandre eller gå parallelt. Den store gevinsten i dette er at alle desse ulike linene blir ressursar barnet kan ta i bruk for å gje form til inntrykka og erfaringane sine, ordne dei ved å trekke ut det vesentlege. Liner av ulike slag er generelle ressursar som barnet vil benytte og tilpasse dei konkrete bileta han eller ho lagar.

[RVK]

Advertisements