Korleis vil du skildre bumiljøet ditt? Er t.d. gata di, vegen din, nærområdet ditt ein levande   pulserande stad der ting føregår? Kva og korleis er det pulserande? Er det mennesket som går eller handlar, bilar og bussar som køyrer, barn som leikar eller stanken frå…. som skaper liv?

Det er verdt å lese borna sine forteljingar i Hanne Wilhjelm si doktoravhandling «Barn og omgivelser» frå 2002. Ho har intervjua born frå to bydelar i Trondheim, Elgseter og Møllenberg og gjennom teikning og ord skildrar dei bumiljøet sitt, kva dei gjer på og korleis dei brukar «gata si». Det er interessante observasjonar.

Både landskapsarkitekt, byggarkitekt og planleggar som har vore sentrale aktørar i forskingsarbeidet har i følgje Wilhjelm fått noko å tenkje på. Barneperspektivet, dvs. born som brukarar var lite synlege når desse byområda vart planlagde. Avhandlinga omhandlar forsking på by- og bustadmiljø, men har i tillegg viktig barneforsking.

I boka «Space and Place» nemner Yi-Fu Tuan dette med erfaring for å forstå omgivnaden vår. Born er flinke til å skildre nettopp rom og stad utifrå erfaringar. Dei målar med kroppen sin, avstand og storleik og sansar med øyre, nase og munn for å skildre. Dei er verkeleg opptekne av både «space og place» på same tid.

Lukke til med å observere!

[RVK]

Advertisements