Eg låner omgrep og tankar ifrå pensumboka «Slagkraft» av Erik Lerdahl. Det er eksamenstid og   ideane skal helst strøyme på. Eksamensoppgåva inviterer til nytenking og idèutvikling.

I nær slektskap med kreativitet, dreier det seg om å gå utanom kjente spor, vaner og tenkebaner for å oppdage eit felt/eit område/ein gjenstand som du kan gjere noko med. Det skal også vere samfunnsaktuelt. Kva kan det bety i vår samanheng?

I starten kan ein jakte på mange svar. Du skal innhente inspirasjon. Kven har gjort noko før på området? Korleis er designen, har den utvikla seg? Kva med teknikk og materiale?

Kan du koble saman kunnskap på ein ny og uventa måte? «Feil» eller sidespor kan i ettertid vise seg å vere riktig. Å vere nyfiken er ei kjelde, leik og humor, opprørstrang, glød og lidenskap er drivkrefter. Og for å sitere Lerdahl: «bryterne til lyset står i mørket». Lukke til!

[RVK]

Advertisements