Denne blogg sida er resultat av eit pedagogisk utviklingsarbeid for nettbasert studie i kunst og handverk (60 stp). Studiet er for lærarar som arbeider i grunnskulen og som tek vidareutdanning i faget kunst og handverk.
Gjennom bruk av blogg ønskjer vi ved Høgskulen i Oslo, avdeling for estetiske fag, å skape ein digital aktivitet som kan løfte fram og fornye delar av kunst og handverskfaget, føre til auka synleggjering av faget og auka kompetanse hjå fleire. Vi vonar å produsere digitalt materiale som byggjer opp under interaksjon, deling, kommentarar, henvisingar til eige og andre sitt fagstoff, aktualitetsstoff og anvende nettet som ei viktig kunnskapskjelde.
Dei faglege områda er i hovudsak knytta til kunst og handverksfaget sine fire emne; visuell kommunikasjon, arkitektur, design, kunst. Men mange av oppslaga går vidare og dekkjer eit større felt innan både kunst, handverk og fagdidaktikk. Emneorda til høgre på bloggsida viser denne spennvidda.
Det nettbaserte studiet gjennomførast ved dei tre høgskulane i Volda, Telemark og Oslo. Dei tre institusjonane har utvikla eit samarbeid seg i mellom gjennom arbeid med strategien ”Kompetanse for kvalitet”, tildelt frå Utdanningsdepartementet våren 2009. Måler er å utvikle nytt fagstoff, spreie og dele fagleg innhald og metodar og gjere det digitale fagstoffet tilgjengeleg. Slik vonar vi å synleggjere fagområdet for ei breiare målgruppe, samt for eige personale og eigne studentar.
Ved Høgskolen i Oslo er det eit breitt samansett team som arbeider med utvikling og gjennomføring av studiet. Dette er:
Visuell Kommunikasjon:
Randi Veiteberg Kvellestad (høgskulelektor), Unni Gjertsen (billedkunstnar), Nina Svenne (biletkunstnar) Mette Strøm (rådgjevar), Liv Merete Nielsen (professor), Liv Klakegg Dahlin (høgskelelektor)
17.03 2010 at 21:01
I samarbeid med Volda og Telamark om dette studie, er det noen hjemmesider/blogger de har ?
Har du adressene deres?
18.10 2010 at 11:21
Det hadde vært intrs å se på nettsidene til Telemark og Vold.
Hvor kan jeg finne de?
14.11 2012 at 17:21
Her finner du i hvert fall opplysninger om studiene på Høgskulen i
Telemark: http://www.hit.no/nor/HiT/Soeker/Studietilbud/Kunst-design-og-tradisjonskunst/Videreutdannninger-i-kunst-og-design/Kunst-og-haandverk-1-trinn-1-7-nettbasert-og-ordinaert