Fagdidaktikk


Spørsmål til gruppedrøfting:

Nokre spørsmål det vert viktig å stille seg under denne tittelen er: Kva fell  innanfor feltet arkitektur? Femner det meir enn utforminga av enkeltbygget?

Kva skal det i så fall romme?  Samtidig må ein stille spørsmålet: Kva ligg det i å ha eit berekraftig perspektiv?

Er det utelukkande kopla mot ureiningsspørsmål, eller grip det vidare om seg?

Det vert ofte snakka om økologisk, sosial, kulturell og økonomisk berekraftig utvikling. Kva konsekvensar vil desse to felta ha for kvarandre si utvikling?

Tema vil bli tatt opp og drøfta vidare på neste samling.

[Ingvild Digranes]

Advertisements

Korleis vil du skildre bumiljøet ditt? Er t.d. gata di, vegen din, nærområdet ditt ein levande   pulserande stad der ting føregår? Kva og korleis er det pulserande? Er det mennesket som går eller handlar, bilar og bussar som køyrer, barn som leikar eller stanken frå…. som skaper liv?

Det er verdt å lese borna sine forteljingar i Hanne Wilhjelm si doktoravhandling «Barn og omgivelser» frå 2002. Ho har intervjua born frå to bydelar i Trondheim, Elgseter og Møllenberg og gjennom teikning og ord skildrar dei bumiljøet sitt, kva dei gjer på og korleis dei brukar «gata si». Det er interessante observasjonar.

Både landskapsarkitekt, byggarkitekt og planleggar som har vore sentrale aktørar i forskingsarbeidet har i følgje Wilhjelm fått noko å tenkje på. Barneperspektivet, dvs. born som brukarar var lite synlege når desse byområda vart planlagde. Avhandlinga omhandlar forsking på by- og bustadmiljø, men har i tillegg viktig barneforsking.

I boka «Space and Place» nemner Yi-Fu Tuan dette med erfaring for å forstå omgivnaden vår. Born er flinke til å skildre nettopp rom og stad utifrå erfaringar. Dei målar med kroppen sin, avstand og storleik og sansar med øyre, nase og munn for å skildre. Dei er verkeleg opptekne av både «space og place» på same tid.

Lukke til med å observere!

[RVK]

Chimamanda Adichi

En smakebit på tema på kommende samling i desember

cc ted talks




{UG}

Å tenke på tvers

Bloggformen vil tenke på tvers. Den vil begynne hvor som helst. Med fragmenter, et ord, en detalj. Assosiere, finne, lete, sette sammen, peke, favne.

cc Flicker sanjibimcc Flicker Wiertz Sébastien

cc Flicker Wiertz Sébastien

Pedagogiske miljøer

Let under bildene

{UG}

Tidene og samfunnet vi lever i endrar seg raskt.

Gert Nordstrøm, Sverige (”Bilden, skolan och samhället”) viser ein klar kritikk mot Lowenfeld: skulen burde arbeide med den kommersielle biletflaumen; reklamebiletet, reportasjebiletet, filmen for å gjere born kritiske til kommersiell påverknad. Han meinte at skulen var altfor oppteken av ”det frie skapande” og Lowenfelds syn på at barnet si frie utvikling innan teikning.

Amerikanske forskar June King McFee – publiserte i 1960-åra resultat  som tilla miljøet stor tyding for korleis barn teiknar. Ho var spesielt interessert i kva faktorar som påverkar barn sine teikningar. Difor gjorde ho ein del undersøkingar av meir vitenskapleg karakter, mellom anna med kontrollerte eksperimentsituasjonar. Ho kom fram til at opplæring og instruksjon utviklar visuell skjelneevne (persepsjon). Opplæring og instruksjon innan teikning, utviklar barn si visuelle evne og kommunikasjon. Stå på lærarar!

[RVK]

Gibson meiner at teikneaktiviteten i starten er ein motorisk aktivitet, ei fundamental grunnleggande handling som born set i gang når dei har eit eigna reiskap i hendene. Gradvis merkar barnet at nokre grunntrekk ved rørslene blir til spesifikke grafiske former. Desse oppdagingane fører til ei utforsking og utprøving av stadig nye måtar å bruke reiskapen på for å avsette spor.

Barnet vil gradvis oppdage at rette liner er forskjellig frå bua, at liner kan starte, slutte eller skifte retning brått, at dei kan binde saman punkt på arket, kome attende til utgangspunktet og dermed danne ei slutta form, krysse kvarandre eller gå parallelt. Den store gevinsten i dette er at alle desse ulike linene blir ressursar barnet kan ta i bruk for å gje form til inntrykka og erfaringane sine, ordne dei ved å trekke ut det vesentlege. Liner av ulike slag er generelle ressursar som barnet vil benytte og tilpasse dei konkrete bileta han eller ho lagar.

[RVK]

”Hvordan kan vi knytte meining eller innhold til det vi ser i tegninger barn lager?” Dette er spørsmål dr.polit Marit HolmHobberstad stiller i boka si ”Alt begynner med en strek” 2005
Grunnlaget for boka er hennar doktorgradsavhandling i pedagogikk frå 2002. Ho rettar søkjelyset mot teikning som ein meiningsskapande aktivitet og gjer ein semiotisk analyse. Ho hevdar at når barn har noko på hjartet vel dei måtar å teikne på som gir meining til erfaringane, slik at dei kan dele desse med andre. ”Jo tydeligere forbindelsen mellom tegnenes uttrykksside og innholdsside er for oss, desto lettere kan de kommunisere.”

Dorthe Ma_2008_75_liten

”Pappa bader. Jeg, mamma og tante Torgunn er er gått på land ilag med lammene.”

Funna sine underbyggjer ho ved å bruke James Gibsons persepsjonsteori.
Hobberstad kjem inn på korleis ein kan motivere barn til å teikne. Ho nemner ved å samtale, invitere barnet til sette ord på det dei teiknar ”kva seier teikninga di?” (fortel) oppfordrar ho alle til å vere ein spørrande vaksen. Presiser det ein ser, samanlikn og vere konkret. Kva kunne vore anleis? Ho hevdar at småpraten mellom elevane gir ”næring” til meiningsskapinga og det kan bli ein barnestyrt læringsarena. Leiken kan fort dukke opp, den er spesielt viktig for motivasjon og lærelyst.

Sjå bokomtale: http://www.kunstogdesign.no/form405/bokomtale.html

[RVK]

Neste side »